Abstract
Problemstillinga denne oppgåva tek utgangspunkt i er “Korleis opplever eit utval kvinnelege muslimske elevar på vidaregåande skule islam-delen av religion- og etikkpensum?”. Det norske samfunnet har dei siste åra blitt stadig meir fleirkulturelt, og derav meir fleirreligiøst. Det har særleg vore ei auking av den muslimske befolkninga i Noreg. Denne samfunnsendringa reflekterast også i norske klasserom, og resulterer i at elevar med forskjellege religiøse føresetnader skal nytte dei forskjellege læreverka. Hensikta med mi oppgåve er å bidra til auka kunnskap om korleis muslimske elevar oppfattar, tolkar og responderer på læreboktekstar som handlar om religionen deira. For å finne svar på problemstillinga nytta eg den kvalitative metoden fokusgruppeintervju, og eg intervjua eit utval kvinnelege muslimske elevar ved ein vidaregåande skule i Oslo. Dataa eg samla inn i intervjuet vil bli drøfta opp i mot relevant teori på feltet. Teorien eg har nytta i oppgåva har blitt valt på bakgrunn av dataa og informasjonen eg innhenta i fokusgruppeintervjuet med informantane. Studia sine hovudfunn er knytt til at informantane reagerte på einsidig framstilling av tema i fleire delar av kapittelet som handlar om islam. Kjønnsaspektet inngår i denne kritikken, og alle informantane meinte at delen som tek for seg syn på kjønn og kjønnsroller gjerne kunne fått ein meir nyansert framstilling. Informantane problematiserte også bruk av bilete som dei meinte var eksotiserande fordi det representerte ei framstilling av religionen deira som dei ikkje kjente att. Eit anna interessant funn var at informantane viste eit behov for å utdjupe informasjonen om tema me las om. Ved å gjere dette viste dei kva som er viktig i elevane si personlege oppleving av religionen, og at dette ikkje naudsynt blir framstilt på like detaljert vis som dei skulle ønske.