Sammendrag
Oppgåva er ei kvalitativ undersøking av utfordringar kring skulevegringsproblematikk. Intensjonen var å få tak i korleis elevane årsaksforklarar det å ikkje klare å møte på skulen, og kva som har vore til hjelp for å komme vidare. Sjølv om det var nokre likskapar mellom informantane sine oppleving kring skulevegring, er kva enkelt si oppleving unik. Angst kom fram som hovudårsak hos to av informantane, medan den tredje sine vanskar kanskje kom av ustabile og svake kommunikasjonsferdigheter i familien.