Sammendrag
I denne masteroppgåva har eg sett på utviklinga til morgonandakta i NRK P1 frå 2007 til 2011, og korleis det religiøse mangfaldet i Noreg i dag er med på å påverke denne. Det religiøse landskapet i Noreg er kraftig endra sidan den første radioandakta blei sendt i 1931. I lys av dette ønskjer eg å undersøkje vilkåra og utviklinga til andakta dei siste fem åra, og korleis ho held seg til eit gradvis meir og meir fleirstemt Noreg.
Eg har gjort ei tredelt undersøking: informantintervju, dokumentanalyse og andaktsanalyse. Hovudtyngda av undersøkinga ligg i kvalitative intervju med fire informantar, som alle jobbar i tilknyting til andakta i NRK. I tillegg tek eg føre meg relevante dokument, som til dømes NRK-vedtektene, livssynsstrategien til NRK, lesarinnlegg og avisartiklar. Eg har også gått inn i eit utval andakter frå åra 2007–2011 for å sjå etter meir konkrete utviklingstrekk. Med eit så variert og tredelt materiale håpar eg å fange opp både praksis og endringar, og ikkje minst grunngjevingane for desse. Prioriteringane og utviklingstrekka som kjem fram i analysen blir deretter drøfta med religiøs pluralisme i Noreg i dag som bakteppe. Her støttar eg meg særskilt til teorien til James Beckford om tre ulike dimensjonar av pluralisme: mangfald, aksept og verdi.
Analysen viser at informantane er tydelege på at andakta skal vere forankra i kristendommen. Dette blir grunngitt med vedtektene til NRK, der det står at NRK skal spegle den religiøse arven i Noreg. Likevel er det religiøst mangfaldige Noreg med på å påverke andakta på ulike plan, særskilt i retning av det som i materialet blir kalla demokratisering. Morgonandakta i NRK balanserer dermed mellom ei kristen forankring og eit medvit om mangfald, og hentar støtte til begge deler i vedtektene til NRK. Utviklinga i undersøkingsperioden er i hovudsak prega av eitt overordna mål: å nå ut til folk gjennom god formidling.