Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:29:22Z
dc.date.available2013-03-12T13:29:22Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-09en_US
dc.identifier.citationSæverud, Andrea Øien. Einstemt andakt - fleirstemt Noreg?. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32867
dc.description.abstractI denne masteroppgåva har eg sett på utviklinga til morgonandakta i NRK P1 frå 2007 til 2011, og korleis det religiøse mangfaldet i Noreg i dag er med på å påverke denne. Det religiøse landskapet i Noreg er kraftig endra sidan den første radioandakta blei sendt i 1931. I lys av dette ønskjer eg å undersøkje vilkåra og utviklinga til andakta dei siste fem åra, og korleis ho held seg til eit gradvis meir og meir fleirstemt Noreg. Eg har gjort ei tredelt undersøking: informantintervju, dokumentanalyse og andaktsanalyse. Hovudtyngda av undersøkinga ligg i kvalitative intervju med fire informantar, som alle jobbar i tilknyting til andakta i NRK. I tillegg tek eg føre meg relevante dokument, som til dømes NRK-vedtektene, livssynsstrategien til NRK, lesarinnlegg og avisartiklar. Eg har også gått inn i eit utval andakter frå åra 2007–2011 for å sjå etter meir konkrete utviklingstrekk. Med eit så variert og tredelt materiale håpar eg å fange opp både praksis og endringar, og ikkje minst grunngjevingane for desse. Prioriteringane og utviklingstrekka som kjem fram i analysen blir deretter drøfta med religiøs pluralisme i Noreg i dag som bakteppe. Her støttar eg meg særskilt til teorien til James Beckford om tre ulike dimensjonar av pluralisme: mangfald, aksept og verdi. Analysen viser at informantane er tydelege på at andakta skal vere forankra i kristendommen. Dette blir grunngitt med vedtektene til NRK, der det står at NRK skal spegle den religiøse arven i Noreg. Likevel er det religiøst mangfaldige Noreg med på å påverke andakta på ulike plan, særskilt i retning av det som i materialet blir kalla demokratisering. Morgonandakta i NRK balanserer dermed mellom ei kristen forankring og eit medvit om mangfald, og hentar støtte til begge deler i vedtektene til NRK. Utviklinga i undersøkingsperioden er i hovudsak prega av eitt overordna mål: å nå ut til folk gjennom god formidling.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleEinstemt andakt - fleirstemt Noreg? : Ei undersøking av morgonandakta i NRK P1 i perioden 2007 - 2011, sett i lys av Noreg som eit religiøst mangfaldig samfunn.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-08-28en_US
dc.creator.authorSæverud, Andrea Øienen_US
dc.subject.nsiVDP::150en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Sæverud, Andrea Øien&rft.title=Einstemt andakt - fleirstemt Noreg?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-31427en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo159075en_US
dc.contributor.supervisorKnut Lundbyen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32867/1/Sxverud-master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata