Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:22:48Z
dc.date.available2013-03-12T13:22:48Z
dc.date.issued2011en_US
dc.date.submitted2011-05-25en_US
dc.identifier.citationDale, Ingunn Loftheim. Samtale i religionsfaget. Masteroppgave, University of Oslo, 2011en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32566
dc.description.abstractTema for denne mastergradsoppgåva i religions- og etikkdidaktikk er samtale, nærare bestemt bruk av samtale i religionsundervisinga i vidaregåande skule. I studien vert det undersøkt på kva måte samtale som reiskap og fenomen kan vere eit bidrag til arbeidet med faget gjennom stikkorda kunnskaps- og haldningsdanning slik dei vert skildra i læreplanen. Konkret er det elevar og lærar sine uttrykte oppfatningar kring samtale i bruk som vert undersøkt. Studien søker å undersøke følgjande problemstilling: Kva slags uttrykte oppfatningar har lærarar og elevar kring bruk av ulike former for samtale som undervisingsreiskap i religionsundervisinga i vidaregåande skule, og kva potensial meiner dei samale kan ha for kunnskaps- og haldningsdanning? Studien er slik eit empirisk arbeid der lærar og elevar sine uttrykte oppfatningar kring samtale i bruk og samtalen sitt potensial vert studert. Eit overordna mål med studien er å skape eit inntrykk av korleis samtale i religionsundervisinga kan sjå ut, og etablere kunnskap på eit felt der det finst svært lite tidlegare empirisk forsking i norsk kontekst. Problemstillinga vert undersøkt ved hjelp av ei rekke mindre spørsmål, mellom anna knytt til korleis samtale vert nytta, korleis samtale kan vere eit bidrag til læring, i kva tilfelle samtale er særleg veleigna metodisk, kva som skil samtale i religionsfaget frå andre fag, korleis informantane oppfattar samtale som eit bidrag i arbeidet med haldningsdanning og kva dei legg i omgrepet samtale. I tillegg vert det sett på forholdet mellom samtale og den grunnleggande ferdigheita å uttrykke seg munnleg. Temaet vert sett i lys av omtalen av omgrepet samtale i læreplanen, omtalen av dei grunnleggande ferdigheitene i læreplan og andre styringsdokument, og dei generelle målsetjingane for faget. Det vert også introdusert ulike måtar å forstå omgrepet samtale på. Vidare er den norske resepsjonen av ei sosiokulturell tilnærming til læring og kunnskap vald som teoretisk ramme. I tillegg er Dysthe og Nystrand si forståing og bruk av Mikhail Bakthin sitt omgrepsapparat sentralt, og haldningsomgrepet vert handsama i lys av Ivar Asheim sin omtale. Det empiriske grunnlaget for å undersøke problemstillinga er basert på ei kvalitativ tilnærming. Datamaterialet i studien består av observasjon, individuelle lærarintervju og fokusgrup-peintervju. Det vart gjennomført individuelle intervju med tre kvinnelege religionslærarar, og 12 elevar fordelt på tre fokusgrupper der kvar av gruppene var sett saman av elevar frå ei av religionsklassane til dei tre lærarane. Dei tre klassane vart alle observert i ei dobbeltøkt før intervjua og fokusgruppene vart gjennomført. Intervjumaterialet vart deretter transkribert og analysert, og resulterte i sju overordna tematiske innhaldskategoriar. Dei ulike forståingane, tankane og oppfatningane til informantane kring samtale i bruk av samtale og samtalen sitt potensiale, vart skildra på ein slik måte at dei sju overordna kategori-ane seier noko om den komplekse og mangfaldige forståinga av samtale som informantane har. Dei sju kategoriane er 1. Føresetnader, 2. Rammefaktorar, 3. Bruksområde, funksjon og formål, 4. Samtalekvalitet, 5. Samtaledynamikk, 6. Samtaletypar, og 7. Forståingar av omgrepet samtale. Dei viktigaste hovudkonklusjonane kan ein summere i følgjande punkt:  Informantane skildrar ei rik, mangfaldig og kompleks forståing av samtale i undervisinga. Dei er jamt over positive til samtale som verktøy, og skildrar bruk av samtale til ulike tema, samanhengar og perspektiv. Samstundes skildrar dei denne positive vurderinga i relasjon til ei rekke faktorar som må vere til stades. Samspelet og kombinasjonen mellom samtale og andre arbeidsformer vert også poengtert.  Samtalen sitt potensial i det haldningsdannande arbeidet handlar i stor grad om at ein gjennom samtale og møtet med andre vert kjent med nye perspektiv, meiningar og ar-gument, og at ein får lagt til rette for refleksjon og ettertanke.  Dei ulike oppfatningane kring samtale står i stor grad i eit kompletterande forhold til kvarandre og i mindre grad i eit kontrasterande forhold.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSamtale i religionsfaget : ein kvalitativ studie av samtale som reiskap og fenomen i religionsundervisinga i vidaregåande skuleen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2011-11-04en_US
dc.creator.authorDale, Ingunn Loftheimen_US
dc.subject.nsiVDP::283en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Dale, Ingunn Loftheim&rft.title=Samtale i religionsfaget&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2011&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-29268en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo124697en_US
dc.contributor.supervisorJon Magne Vestølen_US
dc.identifier.bibsys114761795en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32566/1/Dale-master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata