Abstract
RAMMEVILKÅR FOR UTVIKLING AV EINSARTA ORGANISASJONSKULTUR. EIN STUDIE AV ORGANISASJONSKULTUREN ADMINISTRASJONEN I EUROPA-KOMMISJONEN.
Eg tek i oppgåva utgangspunkt i kva vilkår som ligg til rett for at det skal kunne utvikle seg einsarta kultur i Kommisjonen. Dette vert gjort gjennom å bruke andre organisatoriske faktorar som historie, leiarskap, strukturar, demografiske forhold, fysiske aspekt og politiske arbeidsområder som indikator på kva sosialiserings, disiplinerings og kontrollpotensiale det er i organisasjonen.
Intervju av norske tenestemenn som har hatt studieopphald i Kommisjonen er, saman med anna foreliggande litteratur, kildene i studien.
Organisasjonskultur vert konkretisert gjennom lojalitetsnormer, formalisme og kollektivisme, normer for samhandling med andre aktørar og administrasjonsstil.
Dei funn eg meiner å finne gjennom kildene, tyder på at det føreligg eit potensiale for å utvikle normer og verdiar som er einsarta i heile organisasjonen. Dei ulike uavhengige variablane viser at det er grunnlag for å forvente at tenestemenn i Kommisjonen deler sentrale kulturelle aspekt. Organisasjonen verkar å ha evne å bryte ned dei ulike nasjonale kulturtrekka tenestemennene tek med seg til arbeidet i Brussel.
Dette viser seg da også å stemme på den avhengige variabelen. For tre av dei fire kulturtrekka eg her fokuserer på, vert felles verdiar og normer identifisert i store delar av organisasjonen. Lojalitetsnormer verkar å rette seg i svært stor grad mot organisasjonen sine mål og dei felleseuropeiske interessene medlemsstatane har seg imellom. Lojalitet mot politisk leiarskap verkar derimot å vere fragmentert. Kommissærane har slik berre delvis lojalitet frå tenestemennene i dei ulike organisasjonseiningane. Kommisjonen er vidare i stor grad formalistisk, og har stort sett "ovanfrå og ned haldning" overfor eksterne aktørar. Nasjonale kulturtrekk verkar derimot å slå gjennom på administrasjonsstil. Dette tyder på at nasjonalitet og kulturell bakgrunn råder i den daglege omgangen tenestemennene imellom. Nasjonaliteten på sjefen er avgjerande for i kva grad tenestemenn vert inkludert i det daglege virke gjennom møter og samtalar. Eit sentralt kulturelt skilje i denne samanhengen verkar det å vere mellom personar frå Nordeuropa og Søreuropa. Tenestemenn og sjefar frå Nord er i langt større grad enn dei andre meir inkluderande, nøyaktige og mindre autoritetsretta.
Kommisjonen verkar med dette å ha skapt ein organisasjonskultur som sikrar det europeiske aspektet i dei vedtak som vert fatta. Ulike samordningsmekanismar i organisasjonen verkar derimot å ha "oversett" kulturelle trekk som kan seiast å vere lite sentrale for innhaldet i dei vedtaka som vert tekne. Organisasjonen kan slik ha blitt påverka av den rolla den har som "Community Competence" og skapt ei "esperit europeene".