Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:27:19Z
dc.date.available2013-03-12T09:27:19Z
dc.date.issued1995en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationVinje, Trond. Rammevilkår for utvikling av einsarta organisasjonskultur . Hovedoppgave, University of Oslo, 1995en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/13783
dc.description.abstractRAMMEVILKÅR FOR UTVIKLING AV EINSARTA ORGANISASJONSKULTUR. EIN STUDIE AV ORGANISASJONSKULTUREN ADMINISTRASJONEN I EUROPA-KOMMISJONEN. Eg tek i oppgåva utgangspunkt i kva vilkår som ligg til rett for at det skal kunne utvikle seg einsarta kultur i Kommisjonen. Dette vert gjort gjennom å bruke andre organisatoriske faktorar som historie, leiarskap, strukturar, demografiske forhold, fysiske aspekt og politiske arbeidsområder som indikator på kva sosialiserings, disiplinerings og kontrollpotensiale det er i organisasjonen. Intervju av norske tenestemenn som har hatt studieopphald i Kommisjonen er, saman med anna foreliggande litteratur, kildene i studien. Organisasjonskultur vert konkretisert gjennom lojalitetsnormer, formalisme og kollektivisme, normer for samhandling med andre aktørar og administrasjonsstil. Dei funn eg meiner å finne gjennom kildene, tyder på at det føreligg eit potensiale for å utvikle normer og verdiar som er einsarta i heile organisasjonen. Dei ulike uavhengige variablane viser at det er grunnlag for å forvente at tenestemenn i Kommisjonen deler sentrale kulturelle aspekt. Organisasjonen verkar å ha evne å bryte ned dei ulike nasjonale kulturtrekka tenestemennene tek med seg til arbeidet i Brussel. Dette viser seg da også å stemme på den avhengige variabelen. For tre av dei fire kulturtrekka eg her fokuserer på, vert felles verdiar og normer identifisert i store delar av organisasjonen. Lojalitetsnormer verkar å rette seg i svært stor grad mot organisasjonen sine mål og dei felleseuropeiske interessene medlemsstatane har seg imellom. Lojalitet mot politisk leiarskap verkar derimot å vere fragmentert. Kommissærane har slik berre delvis lojalitet frå tenestemennene i dei ulike organisasjonseiningane. Kommisjonen er vidare i stor grad formalistisk, og har stort sett "ovanfrå og ned haldning" overfor eksterne aktørar. Nasjonale kulturtrekk verkar derimot å slå gjennom på administrasjonsstil. Dette tyder på at nasjonalitet og kulturell bakgrunn råder i den daglege omgangen tenestemennene imellom. Nasjonaliteten på sjefen er avgjerande for i kva grad tenestemenn vert inkludert i det daglege virke gjennom møter og samtalar. Eit sentralt kulturelt skilje i denne samanhengen verkar det å vere mellom personar frå Nordeuropa og Søreuropa. Tenestemenn og sjefar frå Nord er i langt større grad enn dei andre meir inkluderande, nøyaktige og mindre autoritetsretta. Kommisjonen verkar med dette å ha skapt ein organisasjonskultur som sikrar det europeiske aspektet i dei vedtak som vert fatta. Ulike samordningsmekanismar i organisasjonen verkar derimot å ha "oversett" kulturelle trekk som kan seiast å vere lite sentrale for innhaldet i dei vedtaka som vert tekne. Organisasjonen kan slik ha blitt påverka av den rolla den har som "Community Competence" og skapt ei "esperit europeene".nor
dc.language.isonoben_US
dc.subjecthovedoppgave statsvitenskap DEWEY: Organisasjoner:sosiologi: Organisasjonssosiologi: Organisasjonsteori:sosiologi: Europaunionen:folkerett: European communities:folkerett:en_US
dc.titleRammevilkår for utvikling av einsarta organisasjonskultur : ein studie av organisasjonskulturen i administrasjonen i Europakommisjonenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorVinje, Tronden_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Vinje, Trond&rft.title=Rammevilkår for utvikling av einsarta organisasjonskultur &rft.inst=University of Oslo&rft.date=1995&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-35663
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo272en_US
dc.identifier.bibsys960017135en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata