Original version
NLT - Norsk lingvistisk tidsskrift. 2021, 39 (2), 295-319
Abstract
Den første offisielle nynorskrettskrivinga vart innført i 1901, etter førebuing av ei nemnd med Marius Hægstad som leiar. Sverre Stausland Johnsen (heretter SSJ) har utfordra fleire innarbeidde oppfatningar kring denne rettskrivinga. Han har òg argumentert for å sjå på 1901-rettskrivinga som primært innretta på tilnærming til «norsk-dansk». Denne artikkelen er ein gjennomgang av SSJ sine argument på bakgrunn av ei nærlesing av tilrådingsdokumenta frå Hægstadnemnda. Konklusjonen er at SSJ på somme punkt har rett i kritikken, men at han sjølv blir anakronistisk når han einsidig tolkar aktørane i 1901 ut frå seinare stridar om rettskrivinga i målrørsla. Hægstad-nemnda sine drøftingar handla mykje om tilpassing til faktisk språkbruk i datidas landsmål, og til den da nye situasjonen at alle skuleungar skulle lære seg å lese begge skriftspråka – samtidig som nemnda ønskte å ta vare på og styrke språktradisjonen frå Ivar Aasen så langt dei såg det som mogleg under nye samfunnstilhøve.