Sammendrag
Skodespelet Guds grønne enger (eng. The Green Pastures) er skrive av Marc Connelly, og vart først sett opp i USA i 1932. I Noreg hadde Nationaltheatret ei lukka enkeltoppsetjing i mai 1933. Skodespelet var eigentleg planlagt å skulle gå over ein lengre periode, men på grunn av protestar mot stykket i forkant av oppsetjinga, vart det sett opp berre éin gong, som ei lukka framsyning. Haldningane til stykket seiv inn på Stortinget, og førte til ei skjerpa blasfemivedtekt. I masteroppgåva studerer me kva som skjer når litteratur vert flytta ut av den historiske og kulturelle konteksten han har oppstått i, til ein ny kulturell kontekst. Det gjer vi ved å analysera striden om Guds grønne enger som føregjekk i 1932 og 1933, med særleg vekt på det latterlege som ein viktig komponent i debatten. Me har undersøkt eit materiale av stort omfang, i hovudsak omtale av skodespelet i dagspressa. Me nytter òg sekundærkjelder til å kasta lys på skilnadar og likskapar i den amerikanske resepsjonen av stykket, sjølv om den norske resepsjonen er navet i oppgåva. Det underliggjande teoretiske spørsmålet dreier seg om kva som skjer med litteratur når han skiftar stad. Nye kontekstar påverkar kva som er passande og kva som ikkje er det, noko som får utslag i reaksjonen litteraturen får (resepsjonen). I dette tilfellet har resepsjonen (som framom alt kom før oppsetjinga) ført til at stykket vart trekt frå Nationaltheatret sitt program. Me vil undersøke og diskutere om det å trekkje stykket kan kallast sensur, og kva form for sensur det eventuelt er.