Sammendrag
Masteroppgåva er ein casestudie der det ut i frå den observerte klassen er valt ut to elevgrupper som fokuset er på. Desse gruppene gjer det mogleg å studere elevane si konseptuelle meiningsdanning i samband med arbeid knytt til representasjonar. Målet med denne studien er å undersøka korleis representasjonar fungerer som eit verktøy for samtale mellom elevar og mellom lærar og elev. Det er mykje forsking som er gjort som viser at elevar sliter med å forstå meiningsinnhaldet til representasjonar, og å sjå samanhengen mellom dei (Ainsworth, 2006; Furberg, Kluge & Ludvigsen, 2013). Det er nytta ei interaksjonsanalyse for å svara på problemstillinga som handlar om representasjonar som verktøy for samtale. Studien har samla inn datamateriale i samband med REDE-prosjektet, der ein klasse har blitt observert. Det blir og sett på korleis læraren støttar desse gruppene vidare i meiningsdanninga deira. Studien er ei djupneanalyse som analyserer opptak frå ein skuletime på 45 minutt. Analysa av interaksjonen mellom elevane og mellom lærar og elevar viser at representasjonane blir eit felles referansepunkt for dei. Representasjonane i kombinasjon med lærarstøtte bidreg til konseptuell støtte for elevane. Studien viser at for å overkomma utfordringane elevane møter på må ein ha ein grundig gjennomtenkt undervisingsplan.