Abstract
Denne oppgåva er ei kritisk diskursanalyse av omtalen av Søviknes-saka i avisene BT og VG i 2001, og då Søviknes var minister (2016-2018) – og i kva grad og korleis framstillinga endrar seg med #metoo. Oppgåva har teke mål av seg å undersøka korleis #metoo endrar måten vi som samfunn skriv om ei slik sak som Søviknes-saka, gjennom ei analyse av verbalspråklege og visuelle modalitetar i eit utval pressetekstar, med fokus på korleis Søviknes, saka og jenta blir framstilt. Oppgåva finn at omtalen i 2001 er dominert av ei forståing av saka som ei sak som handlar om utruskap, maktkamp og eit uverdig offer. Medan ho i 2017/2018 derimot blir forstått som ei sak som handlar om maktmisbruk. Der omtalen i 2001 har eit sterkt fokus på Søviknes som individ og jenta nesten forsvinn frå fortellinga, er det i 2018 Søviknes som forsvinn når jenta kjem i fokus og blir individualisert. Denne endringa ser likevel ikkje ut til å vera varig. På bakgrunn av desse funna kjem eg med nokre konkrete tips for språkbruk i pressetekstar post #metoo.