Abstract
Denne teksten tek opp aspekt rundt innsamling og flytting av bygningar til friluftsmuseum i nyare tid. Det norske kulturminnevernet er i dag samde om at bygningar ikkje bør bli flytta vekk frå sin originale plass, fordi det medfører store skader på den materielle autentisiteten til bygningane. Samstundes er det mange friluftsmuseum som framleis samlar inn og flytter bygningar til sine områder i dag. Denne dobbelsidigheita vil eg undersøkje ved å sjå på to museum som har samla inn (og flytta) bygningar til sine områder i nyare tid. Eit museum arbeidar med samtidsdokumentasjon og samlar inn samtidsbygningar på museum, medan det andre samlar inn og flyttar kulturhistoriske bygningar. I oppgåva ser eg etter dei lange linjene, tilbake til oppstarten av friluftsmusea, og forsøkjer å sjå på om det er dei same årsakane som musea brukar som grunngjeving for å samle inn bygningar i våre dagar, som dei brukte som grunngjeving i dei tidlege friluftsmusea si tid. Eg ser også på korleis musea vel å setje opp, eller setje opp att, bygningar på museumstomta etter at dei er flytta. Korleis musea forheld seg til autentisitetsprinsippet er sentralt her. Blant anna om dei prioriterer materiell autentisitet opp mot andre alternative prinsipp, som visuell autentisitet, spunsing, "bondens metode" eller reine kopiar av bygningar. Eg er også interessert i om musea nyttar dei same restaureringsprinsippa som kulturminnevernet, eller om musea vel andre løysingar basert på andre behov. Eg vel å trekke fram bygningane sitt formidlingspotensiale, samt at bygningane fungerer som rammer rundt formidlinga, som sentrale argument i diskusjonen. Gjennom heile oppgåva ser eg også på samspelet mellom museumsvesenet og kulturminnevernet, og på situasjonen i dag, opp mot oppstarten av friluftsmusea.