Abstract
Den arkeologiske sikringsundersøkninga av S1 ved Kinn Øvre vart satt i gong på bakgrunn av det kunne dreie seg om ei flatmarksgrav. Blant anna på grunn av funn av eit spinnehjul. I løpet av undersøkinga vart det klart at strukturen var spor etter smieverksemd. Liknande groper vert ofte kalla smiegroper. I gropa vart det funnen smieslagg, trekol og enkelte jemfragment. Ein av desse fragmenta kunne identifiserast som ein grov nagle. Det vart også funnen slaggperler og glødeskall i gropa. Gropa er datert til tidleg mellomalder, AD 1030-1160, og er tolka som spor etter ei gardsmie. Spinnehjulet vart funnen i overflata, og treng soleis ikkje ha noko direkte samanheng med smiegropa. Smiegropa og spinnehjulet er spor etter kvardagslege syslar, og gjev oss eit innblilkk i dagleglivet i Ås i tidleg mellomalder.
Prosjektleder: Margrete F. Simonsen.