Sammendrag
I samband med reguleringsplan for Strypadn massetak utførte Oppland fylkeskommune ei arkeologisk registrering av planområdet. Det vart påvise to lokalitetar med automatisk freda kultuminne, den eine lokaliteten, ei kolgrop (ID 114767), er i konflikt med realisering av reguleringsplanen. Kulturhistorisk museum foretok ei arkeologisk undersøking av kolgropa den 28. oktober 2010. ID114767 vart undersøkt ved hjelp av gravemaskin. Kolgropa hadde ein tilnærma firkanta overflateform, men undersøkinga viste at botn av kolgropa hadde ein sirkulær form. Det vart tatt ut ei kolprøve frå kolgropa, denne vart vedartsbestemt til bjørk, furu og bjørk. Kolprøva vart radiologisk datert på bjørk til 1015-1030 e.Kr. Kolgropa var i bruk i sein vikingtid, dette er ein periode med få daterte kolgroper og jemvinneanlegg i Øystre Slidre. Resultata frå den arkeologiske undersøkinga har gjeve oss viktig kunnskap om bruken av området og utbreiinga av kolframstilling i vikingtid.
Prosjektleder: Jan Henning Larsen.