Originalversjon
Nicolay: Arkeologisk tidsskrift. 2015, 127, 17-39
Sammendrag
Sommaren 1975 slo Nasjonalgalleriet i Oslo alle utstillingsrekordar med utstillinga ”Solens rike - Akhnaton - Nefertiti - Tut-Ank-Amon”. Vandreutstillinga med gjenstandar frå egyptiske museum besto av skulpturar og andre meisterverk knytt til kongefamilien under Amarna-perioden i Det gamle Egypt. 40 år seinare er Noreg igjen involvert i denne unike fasen av verdshistoria. I våre dagar er det derimot ikkje kongefamilie og gudar som står i sentrum for forskarane si interesse, men snarare heilt vanlege folk, og korleis dei levde og døde i Solas rike, eller Akhetaten, som var det egyptiske namnet på den kortlevde hovudstaden til farao Akhenaten. To nordmenn deltar i utgravingane som leiast av Barry Kemp og Anna Stevens frå Cambridge University, og dermed er dette eit av dei største norske bidraga til egyptisk arkeologi sidan UNESCO-aksjonen under bygginga av Aswandammen på 1960-tallet.