Original version
Teologisk Tidsskrift. 2018 (3), 198-208, DOI: 10.18261/issn.1893-0271-2018-03-05
Abstract
Den tyske orientalisten og eksegeten Johann David Michaelis (1717-1791) spelte ei viktig rolle i arbeidet med å avskaffe bruken av gamaltestamentlege tekstar som rettskjelde i skandinavisk rettspraksis. Den katolske kyrkja hadde før reformasjonen domsrett over viktige samfunnsområde. Med reformasjonen vart dette i prinsippet overført til dei kongelege domstolane. Med bortfallet av den kanoniske retten som rettskjelde oppstod lakuner i det samla lovverket. Dei vart på ulikt vis forsøkt tetta ved å gjere delar av det mosaiske lovverket til rettskjelde til dømes i reguleringa av ekteskap, seksualbrot og trolldom. I hovudverket sitt om den mosaiske retten argumenterte Michaelis for at Moses var ein utmerka lovgjevar i den historiske og klimatiske konteksten han verka i. Med visse unnatak var desse lovene ikkje tenlege under heilt andre kulturelle og geografiske forhold.