Sammendrag
Bakgrunn: Innsatsstyrt finansiering (ISF) vart innført i psykisk helsevern 01.01.2017. Det økonomiske insentivet for pasientretta poliklinisk aktivitet vart styrkt, men formålet med ISF var å understøtte god fagleg praksis og nye tenesteformer, utan å elles endre faglege prioriteringar. Forskingsspørsmålet i oppgåva er å evaluere om ISF har endra poliklinisk produktivitet i psykisk helsevern for vaksne i Helse Bergen HF. Metode: I studien er det gjort ei kartlegging av ressursinnsats, aktivitet og produktivitet ved alle psykiatriske poliklinikkar i Helse Bergen HF frå januar 2012 til juni 2017. Det er gjennomført t-test av differanse i observerte månadlege produktivitetsmål ved poliklinikkane før og etter ISF. I tillegg er det utført multippel regresjonsanalyse av observert produktivitet før og etter ISF, der effekten av ISF på produktivitet vert korrigert for årstrend. Det er vidare gjort tilsvarande delanalysar av dei tre hovudgruppene av psykiatriske poliklinikkar. Resultat: Studien er basert på tilstrekkeleg komplette data av god kvalitet. T-test og regresjonsanalyse synte ingen skilnad, på 5 % signifikansnivå, mellom månadleg produktivitet i perioden før ISF (2012-2016) og perioden etter ISF (januar-juni 2017). Delanalysar av produktivitet i undergrupper av poliklinikkar, viste signifikant positiv effekt av ISF på produktivitet, korrigert for årstrend, ved allmennpsykiatriske poliklinikkar ved DPS. Den berekna effekten av ISF på produktivitet ved desse poliklinikkane var 0,22 kontaktar (± 0,20) per dagsverk, svarande til ein auke på 12,8 %. Effekten av ISF på produktivitet var ikkje signifikant for andre undergrupper av poliklinikkar. Konklusjon: Resultata i studien taler for at ISF ikkje har endra poliklinisk produktivitet i det psykiske helsevernet for vaksne i Helse Bergen HF. Funn i delanalysar av produktivitet ved tre hovudgrupper av poliklinikkar, viser at ISF hadde positiv innverknad på produktivitet, korrigert for årstrend, ved allmennpsykiatriske poliklinikkar, men ikkje i andre hovudgrupper av poliklinikkar. ISF sin effekt på produktivitet i dei allmennpsykiatriske poliklinikkane gav anslagsvis 21 fleire kontaktar per vyrkedag i første halvdel av 2017. Det er likevel uavklart om produktivitetsauken er uttrykk for effektivisering, og kva det i så fall har gått på kostnad av, eller om det er resultat av endra registreringspraksis. Vidare er det for tidleg å avgjere om effekten er varig, og om ISF fører til helsegevinst for pasientane i det psykiske helsevernet.