Sammendrag
Norsk Ordbok skal gjerast ferdig innan 2014. For å nå dette målet vart prosjektet Norsk Ordbok 2014 (NO 2014) oppretta, med ein utvida redaksjonsstab. Det vart naudsynt å innføre nye metodar og nye verktøy for å effektivisere redigeringsprosessen.
Målsettinga med arbeidet vart også endra. I tillegg til å vere ei papirordbok, er det no eit mål at Norsk Ordbok skal gjerast tilgjengeleg i digital form. Med dette som utgangspunkt har prosjektet NO 2014 og Eining for digital dokumentasjon (EDD) ved Universitetet i Oslo utvikla eit spesiallaga redigeringssystem for ordboka.
Redigeringssystemet har vakse fram i eit tett samarbeid mellom NO 2014 og EDD. Spesifiseringsarbeid og utviklingsarbeid har gått parallelt, og nye modular har blitt utvikla og innarbeida i systemet samstundes som redigeringssystemet har vore i bruk i redaksjonen.
Vi vil i denne artikkelen kort skissere hovudfunksjonane til dette nye redigeringssystemet. Dette er ikkje ein fullstendig dokumentasjon eller presentasjon av systemet, men ei kortfatta innføring i kva hovudmodular vi har vald å ta med i systemet.