Abstract
I perioden 06.06.2006 – 14.07.2006 vart jarnvinneanlegget R48 (id. 89644) med kolgropa R47 (id. 89636) undersøkt i Gudbrandslie, Vang kommune. Undervegs i utgravinga blei ei hustuft påvist tett ved anlegget, og det blei avgjort at også denne skulle gravast ut som ein del av denne undersøkinga. Undersøkingane viste at jarnvinneanlegget var godt bevart, med to-roms blestertuft, omn, malm- og kollager, samt fleire røsteplassar. Kolgropa hadde rund milebotten, og fleire fasar kunne påvisast. Hustufta var også godt bevart, med tydelege, steinforte veggvollar, eldstad og to stolperekker. Utanfor tufta låg ei lita mødding. Dateringane strakk seg frå sein merovingertid til høgmellomalder, men med hovudvekt på 1000- talet e.kr. Jarnutvinninga og hustufta kan vere samtidige, men ein kan ikkje konkludere sikkert på dette området.
Prosjektleder: Jan Henning Larsen.