Abstract
I samband med reguleringsplan for utviding av Tingberg industriområdet utførte Oppland fylkeskommune ei registring av området i 2008 og 2009 og det vart påvise fem kolgroper innafor planområdet. Kulturhistorisk museum foretok ei undersøking i perioden 19.-22. juli 2010. I alt vart 2 kolgroper arkeologisk undersøkt (ID 121869 og 121871). Ei grop vart avskrive (Id 121870). Båe kolgropene vart undersøkt ved hjelp av gravemaskin. ID 121869 var tydeleg sirkulær i forma, medan botnforma ved ID 121871 ikkje kunne avgjerast. Det vart tatt ut 8 kolprøver, 3 av desse vart vedartsbestemt og radiologisk datert. To av prøvene inneheldt berre furu, medan ei prøve inneheldt berre gran. Dateringane er til perioden 990-1300 e.Kr. Den eldste og yngste prøva kjem frå ulike lag i same kolgrop (ID 121869) og viser eit tidsspenn på over 300 år.
Det er gjennomført relativt få arkeologiske undersøkingar på kolgroper i Øyer og særskild i dalen attmed Lågen. Resultata frå Tingberg har gjeve oss ny og viktig kunnskap om bruken av området i vikingtid og mellomalder.
Prosjektleder: Jan Henning Larsen