Sammendrag
I samband med reguleringsplan for Myhre grustak utførte Oppland fylkeskommune ei registrering av planområdet, det vart påvise 4 kolgroper som er i konflikt med realisering av reguleringsplanen. Kulturhistorisk musem foretok ei undersøking i perioden 18.-19. august 2010. I alt vart to kolgroper arkeologisk undersøkt (ID 130537 og 130539). Dei øvrige to kolgropene innafor planområdet vil ikkje bli rørd av av tiltaket før om fleire år, og tiltakshavar ynskjer å utsette undersøkinga av desse. Den eine gropa vart undersøkt ved hjelp av gravemaskin, medan den andre gropa vart undersøkt for hånd. Båe kolgropene hadde ein rund botnform. Ei kullprøve vart tatt ut frå kvar av gropene, desse vart vedartsbestemt til furu og radiologisk datert. Dateringane er til perioden 1280-1305 e.Kr. Det er gjennomført få arkeologiske undersøkingar på kolgroper i denne delen av Gudbrandsdalen og resultata frå Myhre har gjeve oss ny og viktig kunnskap om bruken av området i mellomalder.
Prosjektleder: Jan Henning Larsen