Sammendrag
Målet med denne ”mixed methods” studien har vore å undersøka korleis ein kan identifisera god undervisning i eit 9. klasserom, når elevane arbeider med tekst. For å undersøka dette, har eg utført video-opptak i fem timar i eit 9. klasserom med ein lærar og 27 elevar som informantar. Målet med dei kvalitative video-observasjonane var å klassifisera god undervisning når elevane arbeidde med tekst, medan målet med dei kvantitative metodane var todelt. Først nytta eg elevane sine resultat på Nasjonale prøvar i engelsk (NPE) for å skaffa meg eit overblikk over elevane sine leseferdigheiter. Deretter nytta eg ei spørjeundersøking for sjå korleis elevane oppfatta undervisninga i engelsktimane. Video-opptaka vart analyserte gjennom å bruka seks element (Purpose, Intellectual Challenge, Text-based instruction, Accommodations for Language Learning, Strategy Use and Instruction, and Feedback) i ein validert kodemanual (PLATO, 5.0). For å analysera spørjeundersøkinga, plukka eg ut spørsmåla som kunne relaterast til dei seks elementa frå kodemanualen, PLATO, og analyserte desse vidare, samt at eg identifiserte leseferdigheitene til elevane. Deretter leitte eg etter relasjonar mellom tekstarbeidet i dei observerte engelsktimane, elevane sine syn på engelskundervisninga, og leseferdigheitene deira. Resultata viste at undervisninga var av høgare kvalitet når tekstarbeidet vara over ein lengre tidsperiode enn når det vara kortare. Likevel gjaldt ikkje dette for alle elementa, ettersom Feedback-elementet var uavhengig av tid. Dette kan tyda på at engelsklæraren bør justera undervisninga av tekstarbeid slik at også dei kortare tekstsekvensane kan ha høg kvalitet. Vidare støtta engelsklæraren elevane sine hovudsakleg gjennom å nytta norsk, og gjennom å redusera vanskegraden på aktivitetane i engelsktimane. Ifølgje NPE-resultata, er elevane i denne klassen på eit middels- eller høgare nivå, og på spørjeundersøkinga svara dei at dei forstod engelsklæraren når han snakka engelsk. Difor argumenterer eg for at han bør nytta meir engelsk i timane, og at han bør samtala med elevane om korleis dei oppfattar engelsktimane. Slik kan læraren nytta elevane sine synspunkt til å justera undervisninga til elevane sine nivå, og utføra god undervising i tekst-baserte aktivitetar.