Sammendrag
I denne oppgåva har eg omsatt A giraffe and a Half og eit utdrag frå Don t Bump the Glump! and Other Fantasies av Shel Silverstein til nynorsk. Vidare har eg presentert utfordringane som pregar omsettinga av illustrerte dikt for barn. Omsetting av illustrerte dikt for barn krev eit omstendeleg arbeid på detaljnivå med rim, rytmikk og forholdet mellom tekst og illustrasjon. A giraffe and a Half har hatt store utfordringar knytt til samanbindinga av tekst og illustrasjon, medan Don t Bump the Glump! and Other Fantasies med sine nonsensvers og oppdikta skapningar stilte meg som omsettar særleg ovanfor problematikken knytt til tilpassing av måltekst. Ufordringane har eg sett meg nødt til å møte ved å arbeide på tvers av ulike strategiar, og oppgåva inneheld eksempel på korleis eg har funne fram til løysningar på målspråket. Fokuset mitt har vore å skape idiomatiske tekstar på målspråket som formidlar same intensjon som kjeldetekst, og ei gjennomgåande rettesnor i mitt omsettingsarbeid har vore ynskje om å sikre rimfunksjonen.