Sammendrag
I denne oppgåva undersøker eg korleis vi kan forstå det politiske kandidatormemoarets retorikk, og freistar analysere og forstå korleis Hillary Clintons Hard Choices spesielt kan bidra til bygginga av ein persona i ei amerikansk politisk offentlegheit forstått som eit felt av konkurrerande forteljingar. Nokre av spørsmåla eg stiller er kva for funksjon det politiske kandidatmemoaret kan seiast å tene i ein amerikansk politisk valkamp, og deretter på kva måte narrativ kan tene særlege funksjonar for ein politikars behov for å konstruere ein vinnande politisk identitet. Analysen freistar i hovudsak etablere ein metatekst om Clintons memoar som strategisk kommunikasjon, men også ein nok vidare forstand, ved å skildre kva for presidentkandidat som eventuelt blir framstilt gjennom teksten og vurderer i kva grad dette er ein presidentkandidat konsistent med HRCs tidlegare sjølvframstilling. Som peikepinn på kva for konkret politikk Clinton ville kjempe for i sin eventuelle andre freistnad på å bli president, ville denne memoarteksten aldri kunne vere nokon særleg sikker eller særleg opplysande kjelde. Men som uttrykk for den politiske persona, den type leiar Clinton er, og vil framstå som, kan denne teksten kanskje vere nyttig. I 2008 framstilte Clinton seg som ready to lead from day one , som den som ikkje berre hadde fagre visjonar og store talagåver, men like så viktig, som den som hadde erfaringa, og den nødvendige kjærleik og forståing for realpolitikkens og kompromissets kunst realisere verkeleg politisk forandring. Vi kan lese Hillary Clintons Hard Choices som ei narrativ stadfesting av denne sjølvpresentasjonen.