Abstract
Hjørnesteinen i arbeidet med menneske som har autisme vil vere å skape eit trygt, stimulerande og utviklande miljø, der strukturert pedagogikk er i høgsetet og bla. forutsigbarhet, tydelegheit og gjentakelsar er sentrale element. For menneske som har autisme vil alle inntrykk og sansar komme straumande på, utan kvalitetsfilter og gjerne i overveldande mengder. Dei som har autisme må lære seg å leve i denne uredigerte, ufiltrerte og til tider skremmande verda kvar dag. Her kjem personalet inn og må hjelpe desse personane til ein betre kvardag, basert på bla. gode samspels og kommunikasjonsrutinar, som fører med seg ulike tilnærmingar for å skape ein god dag for brukarane.