Abstract
Formålet med denne masteroppgåva er å kartlegge elevar sin faktiske språkbruk, språklege og sosiale identitet og språksosiale kompetanse og undersøke om det er samanheng mellom valet av talemålsvarietet og dei sosiale ambisjonane dei har for framtida. Datamaterialet er samla inn i ei kvantitativ tverrsnittsundersøking frå informantar i 4., 7. og 10. klasse i grunnskolen i Hallingdal ved hjelp av bandopptak, testar i samband med dialektprøver og spørjeskjema. Resultata viser at språkleg og sosialt medvit samt språksosial kompetanse aukar med stigande alder, parallelt med den sosiokognitive utviklinga, og at elevane snakkar meir halling etter kvart som dei blir eldre, at stadig fleire identifiserer seg med hallingdialekten, og at dei har særs positive haldningar til eldre hallingmål. Fleirtalet av ungdommane har eit mobilitetsdriv som motivasjon for å bryte med den sosiale reproduksjonen, og planar om høgare utdanning ser ikkje ut til å vere noko hinder for å snakke og identifisere seg lokalspråkleg. Til forskjell frå eldre hallingmål har yngre hallingmål låg prestisje blant informantane. Det ser ut til at dei oppfattar formene i yngre hallingmål som blandingsformer og vurderer desse som knoting og yngre hallingmål som uekte samanlikna med det genuine eldre hallingmålet. I slutten av ungdomsskolen, når informantane oppnår størst språksosial kompetanse, er det jentene som snakkar mest lokalspråkleg, med markant høgare hallingprosent enn gutane, og fleire jenter enn gutar identifiserer seg med den lokale talemålsvarieteten. Dette viser at dei eldste jentene utviklar ei sterk tilhøyrsle til heimbygda og erobrar den lokale identiteten i enda større grad enn gutane. I verbal guise-testen vurderer begge kjønn språkprøva med eldre hallingmål meir positivt enn språkprøva med bokmålsnær tale, mens yngre hallingmål får dei minst positive vurderingane. Eldre hallingmål bryt med overnorma, det vil seie bokmålsnært talemål, og har skjult prestisje for mange av informantane i denne undersøkinga. Når dei leitar etter ei framtidig sosial vaksenrolle, gjer ungdommane språklege val, som kan sjåast som identitetshandlingar, og dei signaliserer dermed tydeleg kven dei vil vere. Gjennom valet av talemålsvarietet markerer dei lokalspråklege informantane sterk tilhøyrsle til heimstaden og sin identitet som hallingar. Tilhøyrsle og den skjulte prestisjen til det eldre hallingmålet viser seg i denne granskinga å vere sterkare språklege styringsfaktorar enn både skolen sin funksjon som utjamningsinstrument, påverknaden frå bokmålsnært talemål og dei sosiale ambisjonane den enkelte har for framtida.