Sammendrag
Dette masterprosjektet undersøkjer sambandet mellom tre versjonar av Arne Garborgs roman Hjaa ho Mor. Dei tre er to førsteutgåver frå 1890, Hos Mama, utgjeven på dansk-norsk og Hjaa ho Mor skriven på landsmål, samt den sist autoriserte teksten frå forfattaren si hand, den reviderte landsmålsutgåva frå 1922. Verket er ei naturalistisk, dokumentarisk forteljing om ei jente sin oppvekst i kummarlege kår, prega av mangelfull oppseding og dårlege vilkår for intellektuell utvikling. Med naturalismens vendingar: dårleg arv og miljø. I litteraturhistoria er Hjaa ho Mor blitt skildra som ein parentes i Garborgs forfattarskap. Ei nærare gransking avdekkjer kvalitetar og nyansar ved verket, språklege og sosiologiske, så vel som litterære. Den tekstkritiske analysen omfattar undersøkingar både av verket sine lingvistiske og bibliografiske kodar. Føremålet er å avdekkje skilnader mellom versjonane, på mikro- og makronivå. Til grunn for analysen ligg edisjonsfilologisk teori, og analysearbeidet blir gjort ved hjelp av tekstkritisk metode. Variansen mellom tekstkjeldene vert kartlagt gjennom kollasjon, samanlikning linje for linje. Funna syner endringar i språk og stil, stryking og tillegg i innhaldet, samt i tematiske forhold og framstilling av personar. Omstenda for utgjevingane gjer det interessant å studere endringar også i den materielle utforminga av tekstane. Funna blir kommenterte frå eit bokhistorisk og litteratursosiologisk perspektiv, med sikte på å undersøke korleis dei tre utgåvene er tilpassa kvar sine målgrupper. Analysen avdekkjer forskjellar i estetiske og ideologiske vurderingar som ligg til grunn for dei tre versjonane. Skilnaden mellom undertitlane på 1890-versjonane, roman på dansk-norsk og forteljing på landsmål, gjev eit representativt bilete på forholdet mellom dei to utgåvene. Den dansk-norske utgåva har eit meir finsleg, formelt og ambisiøst uttrykk enn landsmålsversjonen, som er prega av eit enkelt språk og kvardagsleg stil. Landsmålsversjonen frå 1922 er skriven i ei arkaisk målform, prega av eit puristisk ordtilfang. I denne utgåva er dialekt og sjargong mykje brukt for å karakterisere personar av forskjellig sosial stand, slik at det samfunnskritiske perspektivet ved forteljinga vert framheva.