Abstract
I denne oppgåva har eg granska kva for tradisjonelle målmerke som lever vidare i det noverande bygdemålet i Sauherad i Telemark. Eg har ikkje freista finna ut korleis den ålmenne stoda for bygdemålet ser ut, men heller korleis det genuine og nedervde sauheringsmålet ser ut i dag, jamført med for 60 år sidan (då tilfanget for Sauherad vart oppskrive). Difor har eg òg valt informantar etter dei same kriteria som målgranskarane gjorde på den tida målføresynopsisen vart laga. Hjå dei eldre informantane i granskinga er dei tradisjonelle målmerka dominerande. Dei formene som får liten oppslutnad, er palatalane /ɲj/ og /ɟ͡ȷ/ i innljod, og elles får jamningsformene i infinitiv på /å-å/ mindre oppslutnad enn dei linne hankjønnsorda av typen /hå:nå/ og dei linne hokjønnsorda av typen /stu:gu/. Dei linne maskuline orda i ub.pl. med /-ir/ og i b.pl. /-in:/ skil seg ut ved at dei har etter måten låg oppslutnad, og det modifiserte former på /-ær/ og /-æn:/ som tek over. Hjå dei middelaldrande er tendensen den same som hjå dei eldre. Dei tradisjonelle formene dominerer, men ikkje like mykje som hjå dei eldre. Dei middelaldrande nyttar fleire standardformer, og dei modifiserte formene står sterkare her enn hjå dei eldre.. Dei unge informantane skil seg ut på den måten at ei rad av dei tradisjonelle målmerka står overlag veikt. Eit døme på ei form som er heilt utrydda, er jamninga på /å-å/ både i infinitiv av typen /bå:kå/. I b.pl. vert tradisjonelle former av typen /hɛstæn:/ bytte ut med trestava former av typen som /hestanə/. Den gamle treklangen vert oppløyst og vert bytt ut med bymålsdrag i Grenland. Dette kan gjeva sterke indikasjonar på at det går føre seg ei regionalisering av Sauheringsmålet. Elles må me slå fast at dei tradisjonelle formene ikkje står særleg sterkt hjå dei unge, og at me må rekna med at fleire typiske målmerke kjem til å kverva frå Sauherad i tida frametter.