Sammendrag
Tsarina Katarina den store inviterte tyske bønder og handverkarar til Det russiske imperiet for å drive jordbruk på slutten av 1700-talet. Mange slo seg ned kring breiddene av elva Volga og fekk tilnamnet volgatyskarar. Dei tok i stor grad vare på kulturen, tradisjonen og språket sitt. I Sovjetunionen fekk dei sin eigen tyske autonome republikk. Under andre verdskrig vart den tyske minoriteten deportert til fjerntliggjande område i Sovjetunionen og den autonome republikken vart avvikla. Dei vart plasserte i arbeidsleirar og spesialbusetnadar og fekk ikkje flytte attende til Volga-området før 1972. Med oppløysinga av Sovjetunionen vart tilhøva i Russland på 90-talet prega av økonomisk og politisk uvisse. Tyske styresmakter la til rette for emigrasjon for den tyske minoriteten, og svært mange valde å flytte til Tyskland. Samstundes ynskte mange å gjenopprette ein tysk autonom republikk slik at dei kunne ta vare på sin tyske identitet, det tyske språket og å halde fram med å bu i Russland. Det sentrale spørsmålet i denne oppgåva er kva for kollektiv identitet den tyske minoriteten som vart verande ved Volga har i dag. Oppgåva vil klargjere om deira identitet har endra seg sidan 90-talet då så mange i den tyske minoriteten valde å emigrere til Tyskland. I dag har identiteten deira skifta til å vere meir kulturell der den tidlegare var både politisk og kulturell. Mange har framleis ein tysk identitet, men er denne tyske identiteten nasjonal eller etnisk? Ved å operasjonalisere nasjonal identitet i kulturell identitet og politisk lojalitet har eg gjennom intervju med den tyske minoriteten undersøkt deira identitet. For å undersøkje kulturell identitet har eg sett på språk, media, religion, felles historiske hendingar og andre faktorar som dei definerer som viktige for deira kulturelle identitet. For å undersøkje politisk lojalitet har eg sett på forholdet mellom den tyske minoriteten, Tyskland og Russland og om gruppa er politisk aktive.