Sammendrag
Denne oppgåva er ein analyse av Stig Sæterbakkens siste roman Gjennom natten (2011). I essayet Umuligheten av å leve (2010) lanserte Sæterbakken ei oppgåve for litteraturen, nemleg at han skal ta innover seg og reflektere over det umoglege med å leve og det umoglege med å døy. Eg har ein hypotese om at nettopp dette fungerer som ein underliggande hovudmotsetnad i romanen. Difor har eg undersøkt korleis Sæterbakken oppfyller sin eigen poetikk gjennom problemformuleringa: Korleis vert det umoglege med å leve og det umoglege med å døy gestalta i romanen Gjennom natten? Metodisk har eg primært nærlese romanen, tidvis i kombinasjon med strukturalistisk og narratologisk metode. Eg fann tidleg ut at teoriar og omgrep frå psykoanalysen, og då særleg frå tekstar av Sigmund Freud, var ei fruktbar opning for lesinga av romanen. Innan psykoanalytisk teori er ein oppteken av det skjulte og det fortrengde i menneske. Hovudpersonen Karl i Gjennom natten opplever to vanskelege situasjonar. Den første er eit samlivsbrot og den andre er at sonen hans tek livet sitt. Desse to situasjonane vert knytte i hop, slik at den første vert gjort til årsak for den andre. Å vere skuld i noko så forferdeleg som sjølvmordet til sonen sin, er noko som vanskeleg kan gjerast godt igjen. Når ei soning for det ein har gjort ikkje er mogleg, vert ikkje berre livet, men også døden umogleg. Karl har tilsynelatande eit godt liv saman med familien, men han øydelegg stadig for seg sjølv og dei rundt han. Gjennom analysane har eg sett at ein kan finne nokre forklaringar for desse destruktive handlingane. Det verkar som det finst ein grunnleggande, alvorleg brist i forholdet mellom han og kona. Dette skuldast ein mangel på eit psykologisk nivå. Nokre fortrengde kjensler verkar utslagsgivande for vala Karl gjer. Det finst eit begjær i han, som ikkje lèt seg sløkke. Einsemd og tomheit, altså mangel på meining, gjer at han stadig søkjer seg vekk frå livet. Romanen viser ei lukke som kunne ha vore ekte, men som ikkje finst i røynda. At det berre er i eventyret det endar godt, er noko av kjernen i den sorga som gjer at livet kan kjennest så vanskeleg å leve. Gjennom natten er ein roman som gir rom for å vere nær kjensler og tankar som ein ikkje så lett har tilgang til andre stadar. Romanen gir lesaren moglegheit for å reflektere over det vakre og gode, men også det umoglege med både å leve og å døy.