Sammendrag
Denne masteroppgåva i historie tek føre seg opprustinga av Europaveg 16 (E16) i Lærdal. Opninga av Lærdalstunnelen 27. november 2000 førte til ein enorm auke i trafikken langs stamvegen gjennom dalføret. E16 er hovudsambandet mellom Oslo og Bergen, og den viktigaste ferdselsruta mellom Aust- og Vestlandet. Derfor var ei opprusting av stamvegen i Lærdal naudsynt. I oppgåva blir det fokusert på denne prosessen. Eg ser nærmare på denne prosessen gjennom tre ulike innfallsvinklar: Ved å analysere den formelle planlegginga, det lokale engasjementet og korleis lokalavisa har framstilt stamvegopprustinga forsøker eg å svare på kva omsyn som har vore viktige og kva interesser som har vunne fram når stamvegen skulle realiserast. Ulike utfordringar og problemstillingar som har stått sentralt undervegs i denne prosessen, vert sett nærmare på for å svare på dette spørsmålet.