Sammendrag
Denne todelte oppgåva handlar om den amerikanske komponisten Eric Whitacre sin kormusikk. Målet med oppgåva er å vise til eit breitt utval satstekniske og stilistiske trekk i Eric Whitacre og andre komponistar sine stykke, som skal kunne inspirere til ein eigen kompositorisk utforming. Kapittel 1 tek føre seg ulik forsking på Eric Whitacre sin kormusikk. Her ynskjer eg å drøfte metodiske grep. Harmonikk og andre framtredandre satstekniske verkemiddel blir trukket fram for å danne eit grunnlag for vidare undersøkingar. Kapittel 2 tek føre seg tilhøvet mellom Whitacre og Arvo Pärt. Her blir Whitacre sin uttalte påverknad til Arvo Pärt diskutert opp mot ulike estetiske retningsval og komparative satstekniske analyser. Kapittel 3 tek føre tilhøvet mellom Whitacre og eit utval andre komponistar. Dette er dei amerikanske komponistane Morten Lauridsen og Renè Clausen, den norske komponisten Knut Nystedt, impresjonisten Claude Debussy og tidleg-barokkomponisten Claudio Monteverdi. I del 2 av oppgåva har eg skrive korverket Missa Brevis for blandakor a capella med solistar. Før sjølve verket har eg vist til eit utval satstekniske val og teknikkar som er gjort i verket. Dette er basert på undersøkingane i den teoretiske delen av oppgåva. Del 2 er klausulert i DUO på grunn av opphavsrett.