Sammendrag
Oppgåva tek føre seg spørsmålet om korleis ratifikasjon om den tredje tilleggsprotokollen til FNs barnekonvensjon om individklageordning vil påverke norske myndigheiter sitt handlingsrom. Denne problemstillinga inngår i den større debatten om rettsleggjeringa av samfunnet. Vil klageordninga føre til at domstolane og FNs barnekomité vert tilført makt på kostnad av nasjonale folkevalde organ? For å svare på dettespørsmålet ser eg nærare på korleis barnekomiteen vil handsame individklagene, med særleg fokus på om dei vil tolke konvensjonen dynamisk og om statane vil verte innrømma skjønnsmargin. Eg undersøker vidare kva klager det kan tenkjast å kome mot norske myndigheiter, og kva materielle og prosessuelle verknader klageordninga vil ha.