Sammendrag
Denne masteroppgåva tek for seg dei norske teikneseriane Pondus av Frode Øverli og Nemi av Lise Myhre, og les dei opp mot populærvitskapleg samlivsteori. Teikneseriane tek opp daglegdagse tema, blant anna kjærleik, samliv og samlivsbrot. Figuren Jokke i Pondus og figuren Cyan i Nemi går begge gjennom samlivsbrot. Formålet med oppgåva er å finne ut om dei norske teikneseriane med desse samlivsbrota illustrera eit populærvitskapleg syn når det gjeld samliv og samlivsbrot, eller om dei problematiserer desse teoriane. Eit anna aspekt er om dei med å illustrere eller problematisere populærvitskapen, går inn i ei rolle der dei anten held lesarane på plass eller støttar dei i alternative livsval innanfor ein samfunnsstruktur som avspeglast i dei populærvitskaplege teoriane. Desse populærvitskaplege teoriane er i hovudsak teoriane til Anthony Giddens, Francesco Alberoni, Frode Thuen og Sissel Gran. Alle desse teoretikarane har vore, eller blir framleis, nytta i massemedia, og er difor gode døme på populærvitskap i dagens samfunn. Nokre linjer blir og trekte attende til dei eldste teikneseriane, og til den norske teikneseriegullalderen på fyrste halvdel av 1900-talet. Eg vel å kalle den perioden vi er inne i no for den nye norske teikneseriegullalderen, sidan den norske teikneseriemarknaden i dag er prega av norskproduserte teikneseriar. Eit tredje aspekt som blir teke opp, er om forfattaren sitt kjønn kan tenkast å påverke måten han eller ho framstiller samliv i teikneseriane på. Det blir i oppgåva diskutert om det er skilnad på korleis Lise Myhre og Frode Øverli framstiller samliv og samlivsbrot i det utvalde materialet av Nemi og Pondus, med tanke på kva kjønn dei har. Sjangermessig samanliknar eg teikneseriane med andre populære sjangrar, som komedie, sitcom, lad-lit og chick-lit, for å diskutere om den sosiale funksjonen til Nemi og Pondus. Til slutt nærles eg i eitt kapittel teikneseriestriper som multimodale tekster for å vise korleis Øverli og Myhre brukar mediet på ulike vis for å understreke kvar sin sosiale bodskap.