Sammendrag
Lokalt læreplanarbeid er og har vore eit aktuelt omgrep for implementeringsprosessen av Kunnskapsløftet. Eg har sett nærare på kva dette vil seia for musikkfaget i grunnskulen. Kva er dei nasjonale retningslinjene i Kunnskapsløftet for lokalt læreplanarbeid for musikkfaget i grunnskulen, og korleis kan desse verta ført vidare og gjennomført i lokale fagplanar? Oppgåva er plassert innan ein kvalitativ forskingstradisjon. Eg har brukt litteraturstudie, dokumentanalyse og kvalitative intervju for å finna svar frå fagteori, offentlege rapportar og skriv. Her har eg intervjua to musikklærarar som begge hargjennomført lokalt læreplanarbeid og ser på deira erfaringar og lokale fagplanar som døme på korleis dette kan verta gjort i musikkfaget.