Abstract
Samandrag
Denne oppgåva utforskar bruken av ulike varietetar i planlagt språkbruk, nærmare bestemt språket brukt i dramatikk. Problemstillinga tar for seg kva funksjon bruken av ulike språklege varietetar i dramatikk har, og kvifor desse har blitt valde, og kva språkhaldningar og språkideologi denne typen planlagt språk representerer og signaliserer.
I teoridelen blir det presentert ulike syn på bruken av språklege varietetar, og det blir gjort ein presentasjon av omgrepa språkhaldningar, stereotypiar, standardspråk, identitet og teorien om språk som varer på den lingvistiske marknadsplassen.
Metoden som har blitt brukt, er kvalitative intervju med ein dramaturg, ein programredaktør, regissørar, manusforfattarar og produsentar – menneske som arbeider med å ta avgjersler om språkformidling anten på radio, scenen eller tv eller film. Analysemetoden er ein kvalitativ innhaldsanalyse av dei transkriberte intervjua med eit diskursanalytisk perspektiv.
I resultat- og analysedelen kjem ein presentasjon av dei ulike funksjonane språkvarietetar har. Desse ulike funksjonane er kategorisert i fire delar: Ein praktisk, ein realistisk, ein kunstnarisk og ein idealistisk og ideologisk kategori. Undervegs blir det diskutert kva dette seier om språkhaldningar og språkideologi. Resultata viser korleis bruk av språklege varietetar er eit verktøy for å byggje karakterar og understreke poeng i historia, og teiknar eit komplekst og nyansert bilete av kva for språklege og ikkje-språklege omsyn som verkar inn på avgjerslene om språkval.