Sammendrag
Denne masteroppgåva freistar å kaste lys over dei russiske reaksjonane på den norske nordområdepolitikken, og gje eit breiare innblikk i korleis Noreg vert presentert i russiske nyhendekjelder. Oppgåva fokuserer på åra 2005 til 2010, der eg ser 2005 som startpunkt for den nye nordområdepolitikken. Den norske nordområdepolitikken får ein historisk bakgrunn frå ein norsk ståstad, før det vert gjennomgått eit breitt spekter av empirisk materiale frå russiske nyhendekjelder. Det vart nytta eit pragmatisk diskursanalytisk perspektiv for å avdekke diskursane knytt til norsk nordområdepolitikk og Noreg. Denne diskursanalysen tok utgangspunkt i 307 artiklar frå eit utval av russiske nyhendekjelder. Gjennom diskursanalysen vert det kasta lys over spenninga mellom to diskursar som ser Noreg som enten ein konkurrent og motstandar eller som eit førebilete og mogleg partnar. Dette skiljet kjem særleg til syne i samband med den russiske debatten rundt inngåinga av delelinjeavtalen i 2010. Det kjem og fram at det norske nordområdeomgrepet i liten grad kan sjåast å ha trengt inn på russisk side, der ein heller finn ei meir lausriven tilnærming frå saksområde til saksområde til det som ein på norsk side kallar nordområdepolitikk. Spenninga mellom biletet på Noreg som konkurrent eller førebilete kan kanskje og peika på ein vidare samanheng som ein del av den store debatten i russisk historie om forholdet til Europa.