Sammendrag
Bakgrunn for undersøkinga
Åtferdsvanskar er den vanlegaste psykiske lidinga hos barn og unge i Noreg i dag.
Ein reknar at ca. 5% av barne- og ungdomspopulasjonen har åtferdsproblem i større eller mindre grad, og vi ser ein tydeleg auke i tilvisingar til psykisk helsevern. Konsekvensane av åtferdsvanskar kan vere alvorlege om ikkje behandling og tiltak blir sett inn på eit tidleg tidspunkt. Nye metodar er tatt i bruk for å intensivere
innsatsen for denne gruppa. Behandlingsprogrammet Parent Management
Training-Oregon-modellen er eit av dei. PMTO programmet er utvikla av Gerald Patterson og kollegaer ved Oregon Social Learning Center (OSCL) i Eugine, Oregon, USA. I Norge blir metoden implementert i det kommunale hjelpeapparatet, det statlege barne- og familievernet og det psykisk helsevernet for barn og unge.
PMTO metoden er relativt ung i Norge, og derfor lite evaluert. Spesielt interessant er det å få innsikt i korleis den verkar på foreldra.Målet med undersøkinga er å få kunnskap om foreldra sine erfaringar med behandlingsprogrammet PMTO. Fokuset er spesielt retta mot endringsprosessar hos foreldra og deira refleksjonar kring foreldrerolle og endringar i relasjon til barnet.
Problemstilling
Kva erfaringar sit foreldre til åtferdsvanskelege barn med etter å ha gjennomført PMTO ?
Problemstillinga er utdjupa med følgjande forskningspørsmål:
1. Korleis har PMTO behandlinga påverka barnet?
2. Korleis har PMTO behandlinga påverka samhandlinga med barnet?
3. Korleis har PMTO behandlinga påverka foreldrerolla?
Teoretisk referanseramme
Den teoretiske referanseramma byggjer på teorigrunnlaget for PMTO programmet. Den omfattar beskriving av åtferdsvanskar hos barn, individuelle og familieorienterte faktorar for utvikling og oppretthalding av avvikande åtferd. Pattersons sosial-interaksjonslæringsteori (SIL), samt aktuell rådgjevings- og behandlingsteori som programmet er tufta på.
Metode og resultat
Eg nyttar ei kvalitativ tilnærming til problemstillinga, og har intrvjua fem foreldre. Informantane har alle gjennomført PMTO behandling i psykisk helsevern. Ingen av informantane var kjende på førehand og dei hadde svart ja på skriftleg invitasjon om å delta.
PMTO programmet skal hjelpe foreldra til å bryte fastlåste, tvingande
samhandlingsmønster og erstatte desse med samspelsmønster som fremjar samarbeid og trivsel.
At det er krevande å oppdra eit barn med åtferdsvanskar er det liten tvil om, noko som også foreldra i undersøkinga understreka. Eit av funna er foreldra si oppleving av å bli kritisert for å vere dårlege oppdragarar og åtferda til barnet gjorde samarbeidet med skulen vanskeleg. Målsettinga med PMTO er å styrke foreldra til å bli tydelege foreldre og redusere konfliktnivået i familien. Funna viser at PMTO behandling har ført til ei positiv endring i samhandlinga mellom foreldre og barn.
Funna i undersøkinga viser meistringserfaringar hos foreldre og barn. Foreldra erfarte at kvardagen blei meir handterbar med å bruke foreldreverktøya . Å få det til i samspelet gav dei glede og meistringskjensle. Også barna viser auka trivsel og meir prososial åtferd. Stress- og konfliktnivået gjekk ned og foreldre- barn
relasjonen meir prega av vennleg atmosfære. Hovudfunna kan vi samfatta i følgjande:
PMTO behandlinga har dyktiggjort foreldra og løfta dei i trua på at dei kan meistre utfordringane ved å vere foreldre til krevjande barn. Endringane har langt frå gittforeldre og barn ein problemfri kvardag, men dei har snudd situasjonen frå stress og konflikt til vekst og samarbeid.