Sammendrag
Tittel
Dialektomlegging ei utfordring for stemma er tittelen på oppgåva der eg har undersøkt endringar i stemme og kroppsspråk i samband med ei dialektomlegging.
Bakgrunn og føremål
Som logoped og stemmebrukslærar har eg erfart at dialektomlegging kan vere fysisk strevsamt og psykisk utmattande. Dette er, saman med ei interesse rundt dialekt og identitet, bakgrunnen for at eg har undersøkt kva som skjer med stemme og kroppsspråk dersom vi går frå vår eigen dialekt og over til ein ny.
Problemstillingar
I samanheng med dialektomlegginga har eg undersøkt og drøfta fylgjande hovudproblemstillingar:
1. Kan ei dialektomlegging få konsekvenser for stemmeleie og omfang?
2. Kan ei dialektomlegging medføre endringar i kroppsspråket?
3. Kan ei dialektomlegging medføre stemmevansker
Underproblemstillingane er
Har dialektbakgrunn noko å seie for resultata?
Har tidlegare teatererfaring noko å seie for resultata?
Samsvarar resultata frå denne undersøkinga med erfaringar gjort av andre innanfor same fagområdet?
Metode
I undersøkinga vart det gjort lyd- og bileteopptak av 10 informantar medan dei først snakka på sin eigen dialekt, for deretter å seie det tilsvarande på ein ny dialekt. Stemmeopptaka vart analysert i eit dataprogram (swell), der gjennomsnittleg grunntonefrekvens, modus og omfang i halvtonar vart målt for kvar enkelt student sine to dialektprøver.
Ved å analysere videoopptaka kunne ei observasjonsgruppe registrere kroppsspenning og andedrett hos informantane. Det var kun dei ikkje-verbale uttrykka som ein ut frå teoretiske haldepunkt såg som moglege direkte eller indirekte årsaker til stemmeendring som vart analysert. Datamaterialet vart statistisk bearbeidd og analysert i dataprogrammet SPSS. Resultata vert presentert i i form av tabellar og linjegrafar.
Resultat av akustiske analyser
I analysen kom det fram at den gjennomsnittlege grunntonefrekvensen, eller stemmeleiet, endra seg i større eller mindre grad for alle studentane. Det var imidlertid ingen klare mønster i endringane. Modus, den oftast brukte frekvensen i ei ytring, viste seg å stige for 8 informantar i den nye dialekten. Seks informantar fekk eit snevrare omfang i den nye dialekten. Det var ikkje noko som tyda på at teatererfaring verka inn på resultatet i denne undersøkinga. Dialektbakgrunn hadde heller ingenting å seie for resultatet i undersøkinga
Resultat av kroppsspråkanalyser
Samtlege studentar fekk eit meir spent andedrett og ein generelt høgare kroppsspenning etter dialektomlegginga.
Vi kan konkludere med at det skjedde endringar i både stemme og kroppsspråk då informantane gjekk frå sin eigen dialekt og over til ein ny, men at endringane ikkje var så eintydige som ein kan få inntrykk av i ein del litteratur rundt emnet.
Dialektomlegging og stemmevansker?
Resultata av undersøkinga kan tyde på at det er grunn til å tru at ei dialektomlegging kan medføre endringar i vilkåra for stemmeproduksjonen, og difor vere den faktoren, eller ein av fleire faktorar som kan utløyse stemmevansker. Auka kroppsspenning og høge andedrettsformer påverkar stemmeproduksjonen ved at muskulaturen i eller i nær tilknytning til stemmeapparatet vert spent. Dei fysiske føresetnadene for stemmeproduksjonen kan verte påverka av lingvistiske element i språket som til dømes artikulasjon og prosodi, som igjen endrar arbeidsvilkåra for stemmeapparatet. Uvante rørsler i samband med uttale kan skape spenningar i muskulatur som direkte eller indirekte påverkar stemmeorganet. Den auka kroppsspenninga kan vere resultat av ulike psykologiske faktorar.