Abstract
Bakgrunn og formål
Formålet med oppgåva er å fokusere på kvalitetane som ligg i friluftsliv som sosial læringsarena, for ungdom med åtferdsvanskar. Ungdom med åtferdsvanskar har ofte lav sosial kompetanse, og treng difor sosial læring og -praktisering. Friluftsliv er ein mykje nytta arena for denne gruppe ungdom. Det er i tillegg ein arena som opnar for ulike typar sosial samhandling. Åtferd og sosial kompetanse vert forstått ut frå ei sosial kognitiv lærings-tilnærming. Dette vil seie at sosiale dugleikar og kompetanse kan lærast. Samstundes er arenaen der læring og praktisering finn stad, avgjerande for utbytte av læringa.
Problemstilling og forskingsspørsmål
Problemstillinga for denne undersøkinga er formulert på følgjande måte:
Korleis kan friluftsliv som arena leggje til rette for læring av sosial kompetanse og meistring av sosial samhandling for ungdom med åtferdsvanskar?
For å svare på denne problemstillinga har eg teke utgangspunkt i desse underspørsmåla:
1. Kva sosial kompetanse viser ungdommane?
2. Korleis opplever ungdommane sin kompetanse og fungering?
3. Med bakgrunn i ungdommane si vurdering og oppleving av eigen sosial kompetanse:
a. Korleis opnar friluftsliv for sosial praktisering?
b. Korleis utfordrar friluftsliv ungdommane sin sosiale kompetanse?
c. Korleis påverkar friluftsliv ulike relasjonar i arenaen?
d. Korleis legg friluftsliv til rette for positive opplevingar av seg sjølv og andre?
Sosial kompetanse vert forstått med bakgrunn i ungdommane sine sosiale dugleikar, saman med deira oppleving av eigen kompetanse. Ungdommane si oppleving vert understreka ved fokus på deira meistring av sosiale situasjonar. Friluftsliv er i denne samanheng arenaen kor sosial læring og praktisering føregår. Arenaen er skildra med utgangspunkt i fem komponentar; fysisk aktivitet, naturoppleving, miljøendring, jamnaldergruppa og vaksenrolla. Desse komponentane viser til aktuelle sider ved arenaen friluftsliv.
Metode
Undersøkinga har eit kvalitativt design, der semi-strukturert intervju er nytta som tilnærming. Eg har intervjua åtte ungdommar i 8.-10. klasse med åtferdsvanskar. I tillegg deltok eg på ei vekes skitur saman med ungdommane, for å forstå konteksten betre og førebu og konkretisere intervjuet. Datamaterialet inneheld informasjon om verbale utsegn, non-verbal kommunikasjon og kontekst.
Dataanalyse
Kodingsreiskap frå Grounded Theory er nytta for å kategorisere datamaterialet, og binde kategoriar saman. Analyseprogrammet NUD*IST er nytta for å halde orden på materialet og sjå kategoriane i samanheng med kvarandre. Med hjelp av filleryemodellen har eg sett på variasjonane mellom ungdom, innafor den enkelte kategorien.
Resultat
Undersøkinga viser korleis ungdommane sine åtferdsvanskar i lita grad kjem til syne i arenaen friluftsliv. Ungdommane samarbeidar bra og viser empati. Dette syner korleis friluftsliv opnar for bruk av sosiale dugleikar. Grunnlaget for ei vurdering av kvalitetane i arenaen er difor til stades.
Friluftsliv framstår som ein naturleg arena for praktisering og læring av sosiale dugleikar. Det er ein samanheng mellom oppgåver, løysing og konsekvensar, som gjer situasjonane meiningsfulle og forståelege for ungdommane. På denne måten klarar dei sjå ein samanheng mellom eigne og andre sine handlingar, og vidare konsekvensar av handlingane. Ungdommane møter fysiske og psykiske utfordringar. Dette fører igjen til sosiale utfordringar, då dei er saman i små grupper over tid. På denne måten må dei ta i bruk sine sosiale dugleikar.
Ungdommane peikar på opplevingar av fysisk meistring og korleis dette påverkar deira sosiale meistring. I tillegg opnar friluftsliv for nye og betre relasjonar med vaksne og ungdom. Ungdommane blir kjend med kvarandre og med vaksne på nye måtar når dei driv friluftsliv over fleire døger.