Sammendrag
Bakgrunn og formål
Denne oppgåva handlar om lærarar og deira opplevingar og erfaringar med stemmebruk og stemmevanskar. Lærarar kan karakteriserast som profesjonelle stemmebrukarar, sidan stemma er ein av dei viktigaste arbeidsreiskapane dei har. Lærarar er også blant dei yrkesgruppene som oftast søkjer hjelp for stemmevanskar. I løpet av arbeidsdagen møter dei både psykiske og fysiske faktorar som kan påverke stemma negativt, og stemma vert utsett for stor belastning. Til trass for dette får dei ikkje opplæring under utdanninga i korleis dei best kan bruke stemma. Formålet med undersøkinga vil vere å få større innsikt i lærarane sin stemmekvardag. Gjennom å undersøkje lærarar sine erfaringar med stemmevanskar kan det kome fram informasjon om kva dei eigentleg kan om stemme, korleis dei nyttar stemma i undervisninga, kva dei gjer når stemma skaper vanskar for dei, og korleis dei opplever det å få vanskar med stemma.
Problemstilling
Kva erfaringar har lærarar med stemmebruk og stemmevanskar, og korleis opplever dei desse vanskane?
Metode
Eg har nytta ei fenomenologisk tilnærming i denne undersøkinga. Lærarane sine erfaringar har stått i sentrum, og det er deira si oppleving av fenomenet stemmevanskar det er teke utgangspunkt i. Datamaterialet har blitt innhenta gjennom eit semistrukturert kvalitativt intervju. Det kvalitative intervjuet er eigna i denne undersøkinga fordi ei slik tilnærming legg vekt på å skildre med ord. Det semistrukturerte designet er passande for å sikre at alle tema vart ivaretekne gjennom alle intervjua, og det er med på å skaffe eit samanlikningsgrunnlag mellom informantane. Likevel gjev eit slik intervju høve til å gå nærare inn på interessante utsegn, og å få betre innsikt i opplevingane som ligg bak erfaringane lærarane har.
Dataanalyse
Koding av intervjua vart gjennomført i programmet NVivo 8. Eg starta med nokre omgrepsstyrde kategoriar, medan resten av kodingskategoriane er datastyrde. Kategoriane eg tok utgangspunkt i var: Kjennskap til stemme og stemmebruk, oppleving av eiga stemme i undervisninga, opplæring i stemmebruk og årsaksfaktorar for problem med stemma. Vidare i analysen har eg tatt utgangspunkt i fenomenologisk tilnærming til analyse og Kvale og Brinkmann (2009) sine seks steg for analyse av kvalitative intervju.
Resultat og refleksjonar
Sjølv om det var likskapstrekk mellom informantane sine opplevingar, var kvar informant sin erfaringar med fenomenet stemmevanskar spesielle for dei.
Informantane viste seg å ha meir kjennskap til stemme og stemmebruk enn eg på førehand hadde trudd. Denne kjennskapen har dei mest truleg fått gjennom erfaringar, sidan ingen av dei hadde fått opplæring i stemmebruk under utdanninga. Informantane hadde tiltak dei kunne setje inn dersom dei fekk vanskar med stemma, og dei nytta seg av ulike strategiar for å spare stemmene.
Gjennom arbeidsdagen møter informantane stadig faktorar som påverkar stemmene deira. Ved å betre kunne identifisere desse faktorane, kunne dei spart stemma si for ein del av belastninga ho vert utsett for i løpet av dagen. Medvit viste seg å vere ein viktig faktor i forhold til informantane sine erfaringar og opplevingar. Medvitet rundt stemme og stemmebruk viste seg å vere størst hos dei informantane som hadde opplevd mest vanskar, medan dei som hadde opplevd mindre vanskar reflekterte mindre over det. Ein kan på den måten seie at ein gjennom erfaring skaper eit medvit rundt stemme og korleis ein bruker henne.
Sjølv om informantane har ein viss kunnskap om korleis dei kan ta vare på stemma og bruke stemma på best mogleg måte, kunne dei hatt behov for å vite meir. I undersøkinga kom det også fram at informantane ser eit behov for opplæring i stemmebruk. Dersom lærarar får opplæring i stemmebruk under utdanninga, kan det vere ein måte å redusere førekomsten av stemmevanskar blant lærarar.