Sammendrag
Bakgrunn og føremål
Det er i dagens samfunn mange par som tar eit val om å adoptere eit barn frå eit anna land. Adopsjonsforeiningane såg tidleg betydinga av å førebu adoptivsøkarar, og har arbeidd i mange år for å utvikle eit felles kurs for alle adoptivsøkarar, noko som har ført til at adopsjonsførebuande kurs i dag blir halde i regi av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Føremålet med kurset er å førebu adoptivforeldre slik at dei står betre rusta til å ta imot adoptivbarnet. Denne oppgåva handlar om adoptivforeldres oppleving av å delta på adopsjonsførebuande kurs, og nyttigheita av dette. Hausten 2009 fremja Adopsjonsutvalet forslag om at adopsjonsførebuande kurs bør bli obligatorisk, noko som gjer at dette emnet er høgst aktuelt i dag. Eg ser viktigheita av å førebu adoptivforeldre, mellom anna rundt emne som gjeld barnets bakgrunn og tilknyting.
Problemstilling
Kva nytte har adoptivforeldre hatt av å delta på adopsjonsførebuande kurs?
Metode og datamateriale
Datamaterialet i denne undersøkinga er innhenta gjennom ti kvalitative intervju med adoptivmødre og –fedre. Intervjua som blei gjennomført tok utgangspunkt i ein semistrukturert intervjuguide. Eit kriterium i mitt utval er at informantane er adoptivforeldre som har delteke på adopsjonsførebuande kurs. Eg nytta meg av bandopptakar i intervjua. Etter å ha gjennomført dei ti intervjua, blei lydopptaka transkribert. Gjennom kodinga av datamaterialet stod tre kategoriar fram som særleg sentrale i informantanes oppleving av adopsjonsførebuande kurs. Desse var ”komande adoptivforeldre”, ”adoptivbarnet – viktige ting å vere bevisst på” og ”livet som adoptivfamilie”.
Resultat og konklusjonar
Resultatet av undersøkinga har vist at adopsjonsførebuande kurs blir opplevd som nyttig og svært utbytterikt for informantane. Kunnskap om tilknyting og det å kome i kontakt med andre i same situasjon, har stått fram som det mest nyttige og betydingsfulle utbyttet for informantane. Adoptivbarnets bakgrunn og moglege utfordingar med det, har også vist seg å vere nyttige emne. Fleire av informantane følte at dei etter å ha delteke på kurset var blitt meir samstemte som par.