Sammendrag
Denne oppgåva tar for seg blant anna nøkkelomgrepet læring og forklarar kva for ein viktig plass den har i arbeidslivet. Målet med denne oppgåva er å få innsikt i utvalte sider ved læring i arbeidslivet, samt kva for nokre motivasjonsfaktorar som ligg bak viljen til å lære. Det finst ulike typar læring og hovudfokuset her blir læring i form av høvesvis tvungen og friviljug læring. På den eine sida vil oppgåva sjå på kva som får ein arbeidstakar til å ville lære friviljug og på den andre sida kva som førar til tvungen læring. Bakgrunn for denne oppgåva ligg i at læring er ein av dei største og viktigaste omgrepa som har eksistert gjennom heile menneskja si historie. Ein kan oppdage læring alle stadar rundt oss og ein er stadig utsett for læring, bevisst eller ubevisst. Omgrepet har fått større og større fokus innanfor arbeidslivet og i dagens samfunn må ein vere villig til å lære, dersom ikkje, vil konkurrentane kome mykje lengre. Med stadig aukande konkurranse og marknadskrav blir dermed evna, vilja og lyst til å lære raskare enn konkurrentane vere veldig avgjerande. Ny teknologi, nye produkt og tenester ser stadig dagens lys og nye organisasjons- og produksjonsmåtar tas også i bruk. Dette fører til eit behov for at fleire tar lengre grunnutdanning, men også eit behov for ein stadig oppgradering, tilpassing og vidareutvikling av personar sine kompetanse undervegs i yrkeslivet. I takt med dette blir kvaliteten på dei tilsette si læring og evne til å ta ansvar for eiga læring avgjerande for verksemda sin suksess. Det er derfor grunn til å anta at dei organisasjonane og enkeltindivida som klarer seg best, er dei som utviklar kompetanse i å lære å lære (Busch og Vanebo 2003: 281). Desse er nokre av grunnane til valet av både problemstilling og metode. Problemstilling i denne oppgåve er følgjande: Kva er det som får ein arbeidstakar til å ville lære friviljug eller ufriviljug i arbeidslivet og kva for nokre motivasjonsfaktorar som ligg i bakgrunn for dette?