Sammendrag
Paul Hindemith var ein viden kjend komponist, musikar og teoretikar, som har hatt stor betydning for fleire komponistar etter han. Teoriane hans vart i all hovudsak samla i boka "Unterweisung im Tonsatz", som vart ei studiebok for særs mange komponistspirar frå slutten av 1930-talet. Det er i mange kjelder hevda at den og den komponisten var påverka av Hindemiths stil. Korleis dette kjem til uttrykk, er derimot få som går vidare inn på. Det har eg prøvd på i denne oppgåva, der eg har konsentrert meg om dei tre norske komponistane Finn Mortensen, Egil Hovland og Conrad Baden. Eg har sett på eit verk av kvar, samt funne fram kjelder der dei sjølv seier kva dei meinar om Hindemith.