Sammendrag
Luther-koralane har vore sentrale koralar i koralbøkene i Noreg heilt frå 1500-talet og opp til i dag. Korleis har koralane endra seg, og kva inneber desse endringane? I denne oppgåva ser vi særleg på melodiane til Luther-salmane, og gjer ei komparativ analyse av melodiversjonane som har vore brukt i koralbøkene i Noreg. Utgangspunktet for utvalet av melodiar, er henta frå Markus Jenny: Luthers geistliche Lieder und Kirchengesänge. Vollständige Neuedition in Ergänzung zu Band 35 der Weimarer Ausgabe, bearbeitet von Markus Jenny, Köln. (1985). Vi ser også nærare på koralboksatsane til tre sentrale Luther-salmar; Aus tiefer Not schrei ich zu dir, Ein feste Burg ist unser Gott og Nun bitten wir den Heiligen Geist. Siste del av oppgåva viser representasjonen av salmane til Martin Luther i Noreg i dag; i nyare salmebøker og i gudstenestelivet i Den norske kyrkja.