Abstract
Denne oppgåva tar for seg elektronisk dansemusikk (EDM) og korleis visse musikalske og kontekstuelle element påverkar tidopplevinga vår når vi lyttar og responderer til denne type musikk i klubbsituasjonen. Utgangspunktet for oppgåva er det å vere dansande tilstades her-og-no på klubb, og oppleve korleis musikken og konteksten kan gje ei endra tidserfaring. Klubbsituasjonen er høgst avgjerande når det kjem til tidsoppleving og elektronisk dansemusikk, og dei musikalske elementa blir forsterka i denne situasjonen og kan tydelegast sjåast gjennom kroppslege og emosjonelle responsar til musikken. Eg forsøkjer å tilnærme denne problemstillinga gjennom ei interdisiplinær vinkling der blant anna sosiokulturelle studier, filosofi, psykologi, kognisjon og musikkanalyse blir nytta. Eg lanserer omgrepet tidløyse som står for den opplevinga vi kan ha i klubbsituasjonen; ei nedprioritering av tidsaspektet gjennom å vere tilstades her-og-no i ein eigna kontekst der ein kroppsleg og emosjonelt responderer til ein god groove.
Først drøftar eg sjølve fenomenet og kva som ligg i klubbingomgrepet. Deretter gir eg ein gjennomgang av kva som har skjedd med utforminga av klubblokalet for å fremje ei oppleving av tidløyse gjennom blant anna musikken, dansen og lydkvaliteten samt eit bilete av klubbsituasjonen anno 2011. Augustin, Henri Bergson og Edmund Husserl er dei filosofane som har vore særskilt viktige i tilknyting til emnet musikk og tid, og det som er mest avgjerande for mi avhandling er skilnaden mellom den objektive klokkestyrte tida og den subjektive erfaringsbaserte tida. Sistnemnde tidsoppleving er den som står sterkast i klubbsituasjonen. Kroppslege og emosjonelle responsar er sentrale aspekt ved denne problemstillinga og påverkar også tidsopplevinga vår i stor grad. Spesielt emosjonane glede/nyting og ekstase/eufori utmerkar seg som avgjerande i ei klubboppleving.
Gjennom dei tre låtane Celsius (2002) – Swayzak, Tik Tok (Soul-O-Matic’s Original Mix) (2005) – Bionik Phunk og Housebeat (The Original Mix) (2008) – Spencer & Hill, forsøkjer eg å vise dei musikalske trekka ved EDM som mest ser ut til å påverke tidsopplevinga vår. Dette er blant anna formutviklinga som i stor grad er basert på ei sekvensbasert innføring av elementa, samt ei generell syklisk form. Låtoppbyggingsprinsippet som brukast svært aktivt i EDM handlar om å bygge grooven lag-på-lag med enkle, korte rytmiske og melodiske strukturar som i lag blir til ein velfungerande heilskap.