Abstract
Denne avhandlinga går djupare inn i korleis ein kan kopla i hop ein rasjonell og analytisk tilnærming til musikk og skaping, saman med ei affektiv, kjenslebasert og intuitiv tilnærming til musikk og skaping, gjennom å sjå nærare på intuitiv improvisasjon og komposisjon, ein framgangsmåte der intuisjonen står sterkt både gjennom improvisasjon og komposisjon. Improvisasjon kan vera forløysande på dei skapande kreftene sidan improvisasjonen ofte fører med seg ei aktivisering og ”bevisstgjering” av underbevisste prosessar som intuisjon, inspirasjon og meining, prosessar som i høgste grad er vesentlege for – og ein del av dei skapande kreftene. Avhandlinga tek føre seg korleis skapingskreftene kan føra oss ut av den vanlege bevisstheitstilstanden me har til dagleg, og over i tilstandar som kan gje oss ei oppleving av å vera meir enn den me er - vera i kjernen av oss sjølv, eller som transcendentale opplevingar med å vera i kontakt med noko høgare enn oss sjølv.