Abstract
Dette er ei hymnologisk oppgåve som tek føre seg forslaget Salmebok 2008. I denne oppgåva har eg fokusert på dei såkalte nyskapande salmane som er presentert i forslaget. Eg har sett nærare på desse i lys av SU sine mål. Vidare har eg granska kva haldningar som pregar sjølve forslaget. Til slutt har eg gjennom Salmebok 2008, dei nyskapande salmane, sett etter tendensar som kan seie noko om det kyrkjemusikalske landskapet i Noreg i dag.