Sammendrag
Norsk folkemusikk har gått frå å vere solistisk til å i dag inkludere fleire samspelsformer innanfor stilen. Innhaldet i sjangeren har utvida seg, og synet på korleis folkemusikk skal vere og måten den blir omtalt på i pressa har endra seg. Gjennom analyse av "Slinkombas, "Tiriltunga", "Bukkene Bruse", "Majorstuen" og "Sver" har eg freista å vise korleis den faktiske musikken har utvikla seg i tillegg til å sjå på presseomtalar, og vise kva endringar som har funne stad i måten å tenke om folkemusikk og stil i det offentlege rom.