Sammendrag
I denne oppgåva blir tre hefte som kom ut under EU-kampen i 1993−94, analyserte: 55 minutter om Norge og EF, Lesebok 1994 og Norge møter Europa: Skjønnheten og udyret? Desse hefta vart sende ut i millionopplag og var storsatsingar frå Regjeringas informasjonsutval for europasaker (UD), Nei til EU og Europabevegelsen si side. Eit utgangspunkt for oppgåva har vore at identifikasjon (med ja-sida eller nei-sida) i EU-debatten truleg var vel så viktig som eksplisitte politiske argument. Fokus i oppgåva har difor vore kva identitets- og gruppeskapande element som kom til uttrykk i konstruksjonen av såkalla modellesarar. Ein modellesar er ein lesar-i-teksten som faktiske lesarar kan strekkja seg mot når dei skal forstå teksten. Gjennom ein analyse i seks steg (situasjonskontekst-, pronomen-, agensskjuling-, modalitets-, topos- og modellesaranalyse) blir det utleidd ulike modellesarar for dei ulike hefta. 55 minutter sine to modellesarar er kalla Den politisk-konforme modellesaren og Den engstelege tvilar-modellesaren. Lesebok har ifølgje analysen éin modellesar: ”68-ar”-modellesaren. Skjønnheten sin modellesar er titulert Den lågkulturelle tvilar-modellesaren. Skilnadene mellom desse modellesarane er m.a. forklart med to tesar: ein for 55 minutter og ein for Lesebok og Skjønnheten. Dei to modellesarane i 55 minutter vart ulike av di embetsverket, som stod bak heftet, hamna i eit dilemma: Det vart dradd mellom lojalitet (til regjeringa, som var for EU) og nøytralitet (yrkesetikken: å informera). Skilnaden mellom modellesaren i Lesebok og modellesaren i Skjønnheten blir forklart som eit resultat av ulik grad av sjølvtillit. I oppgåva blir det hevda at nei-sida viste større grad av sjølvtillit enn ja-sida, truleg på grunn av fleirtalet dei visste dei hadde i folket.